Rekneskapsførar
Er du god på rekneskap og rådgjeving? - Vi i ANCE ønsker oss ein ny kollega!

Hos oss får du:
- Ein arbeidsplass i ei lokalt forankra verksemd i vakre Gloppen kommune.
- Sjølvstendig arbeid med rekneskap og årsoppgjer.
- Høg grad av medverknad i arbeidet.
- Høve for ansvar for eigen kundeportefølje med kundar i ulike bransjar.
- Fleksibilitet rundt arbeidstid og arbeidsstad (høve til heimekontor).
- Tilrettelegging for kompetanseutvikling.
- Konkurransedyktige lønsvilkår.
ANCE AS er eit autorisert rekneskapsbyrå i vekst og ønsker difor å styrke laget med ein rekneskapsførar. Vi tilbyr økonomi- og rådgjevingstenester. Vår spesialkompetanse er små og mellomstore bedrifter, inkludert landbruk.
Verdiane våre er engasjement, kvalitet og resultat. Vi bryr oss om kunden, og har fokus på god dialog og nært samarbeid. Dette, i kombinasjon med vår faglege kompetanse, sikrar høg kvalitet og gode resultat.
Kjenner du deg igjen i våre verdiar? Då ønsker vi at du søker på stilling som rekneskapsførar hos oss.
Vi ønsker oss ein kollega som:
- Har utdanning på høgskulenivå innanfor økonomi/rekneskap.
- Har helst nokre år med erfaring i rekneskapsfaget.
- Arbeider godt i hektiske periodar og som held tidsfristar.
- Er proaktiv og evner å samarbeide godt med kundar.
- Har engasjement og interesse for rekneskapsfaget.
- Er strukturert, målretta, nøyaktig og serviceinnstilt.
- Kan bidra til at vi har det bra på arbeidsplassen vår.
Om oss:
ANCE AS er eit autorisert rekneskapsbyrå som ligg i tettstaden Sandane i vakre Gloppen kommune. Vi har brei bransjekunnskap og lang erfaring, og tek gjerne ansvar for heile eller delar av rekneskapsfunksjonen til kundane. I dag er vi 3 tilsette og alle er statsautoriserte rekneskapsførarar.

- Steder
- Sandane

Sandane
Rekneskapsførar
Er du god på rekneskap og rådgjeving? - Vi i ANCE ønsker oss ein ny kollega!
Laster inn søknadsskjema